Xstyle


DATO: 16. april

STED: Ørsta skisenter

Under årets festival blir det arrangert XStyle Live på Bondalseidet!

Med snøværet som kom og god hjelp frå gjengen på Ørsta skisenter så har me fått til at XStyle er attende i årets program.
Fredag frå kl. 14.00 skjer det fram på Bondalseidet i parken ved botn av skisenteret. Konkurransen vil bli sendt kl. 15.00 live via X2 og Sunnmørsposten sine kanalar.
Av smitteverns omsyn så ynskjer ein ikkje å legge til rette for at det skal være publikum til stades.
Format: Session 1 time frå ca. kl. 15-16.00, der ein kan kjøre kor mange hits ein får til, ski og snøbrett kjører saman.
Tidspunkt: Trening frå ca. 14.00, konkurranse frå ca. 15-16.00.
Kvar: Ørsta Skisenteret
Kven kan delta: Alle frå Sunnmøre og i alle aldra, personar under 16 år må vise til at føresette gir grønt lys for at dei kan delta.
Avgift: 150kr i deltakar avgift.
Premiering: Open klasse, deltakarane sjølv er dommar og stemmar fram vinnaren i dei ulike kategoriane som på førande blir lagt fram. Samla premiepott på 10.000 kr fordelt på ulike klassa og kategoriar.